Halvtårsplan hausten 2011

Kafé på Straumøy Gard 18.11.11

Førjulsfest på Straumøy Gard 03.12.11

Det hender me har vinter på Straumøy Gard...


Bål i lavvoen


Straumøy Gard ligg i Sveio kommune, 35km nord for Haugesund.


Garden gir tilbod om:

Ein alternativ skuledag der elevane får tilført kunnskapar gjennom praktiskarbeid og aktivitet tilpassa deira nivå. Elevane er på garden ein til to dagar i veka, resten av veka er dei på sin eigen skule.

Opplegget føl skuleåret.


Avlastingstilbod for ungar og ungdom der familiane treng eit pusterom,
og der ungane/ ungdommane får tilbod om å vera med i arbeidet på garden.

Avlastingstilbodet gjeld ettermiddag, kveld og natt på kvardagane, og heile døgnet i helger og skuleferiar.


Det blei starta eit verna butilbod i løpet av2011 i Larinehuset som er ferdig renovert.  Første bebuar flytta inn i august. Sjå artikkel frå Vestavind under.


Straumøy Gard ein pedagogisk ressurs, reportasje i Bondevennen april 2009

Artikkel i Vestavind om Straumøy gard 19.08.10

Intervju Nett TV Haugesunds Avis 16.04.11

http://www.h-avis.no/videoarkiv?id=1917

Geitene skal snart heim frå Midtvik

Det er ulike dyreslag på garden:

Ca 70 vinterfora sauer som er på fjellbeite i Valldalen om sommaren.

Sju ammekyr med kalvar og ein okse som går saman med dei i beitesesongen. Me har no skifta ut ein del av Herefordkyrne med Vestlansk fjordfe. Dei er ikkje så store som Herefordkyrne og trør difor ikkje i sund grastorva på beitet på same måte. Dei passar og betre inn i den gamle fjøsen vår.

10-15 geiter som er på sommarbeite på øya Midtvik i Bømlafjorden, ei purke, Miss Piggy, 13 grisungar,  20-25 høner, tre border colliar som blir brukt til gjetarhundar, nokre kaninar, 2 nordlandshestar, Sonja og Stella, 2 lamaer, Lucas og ? (har ikkje fått namn enno).

I tillegg driv me eit lite hagebruk, me jobbar i skogen, med vedlikehald og me er på sjøen. Tilbodet starta i det små i 1997.


Sveio Kommune si heimeside:

http://www.sveio.kommune.no

Ei visuell forteljing om renoveringa av Larinehuset.

Larinehuset innvendig, klart til bruk.

Rapport frå fagdag Inn på tunet 06.11.10

Soloppgang på Straumøy Gard tirsdag 15.11.11


Hus på Straumøy Gard som me nyttar til Inn på tunet verksemda, løa, Tunstova og Larinehuset.

Larinehuset blei teke i bruk som butiltak og avlasting for funksjonshemma unge vaksne 12.august 2011